Avkjøling er ikkje berre kjølande bad
Når temperaturen i lufta passerer 30 varmegrader er det godt med avkjøling! Badeplassene rundt i distriktet vårt er godt besøkt av både lokale og tilreisande i desse dagane, og ingenting smakar betre enn ein is no!
Linus Enger Rindalsholt viser at han er kjempeglad for at det var att kroneis med sjokolade, som han kjøpte av Emma øverst. Han er på ferie i Rindal.
På kiosken ved Igltjønna kan Emma Skjølsvold Aasen hadde fullt opp med å selge is og bakels og anna godt til badegjestane denne fredagen. Ho hadde med seg mesta 5 liter bakelsrøre, men no var ho utseld. Med same mengde laurdag trur ho det blir utseld i ett-tida!
Nedafor ser du badebilde frå Instagram merka med #trollheimsporten!
Eit tidleg badebilde frå @apriliadamen!
@perkvalvik – sommerdag på Rørvatnet, Rindal
@mirasagatron har sendt oss dette bildet frå Vinddøla.
@trineengdalstorholt har to kjølende bilde frå Krokvatnet.
Her er @ingadalsegg med følge i fossen mellom kulpane i Folda.
Og vil du ha dusj, så er Nauståfossen rett plassen, melder @memikk