
771.000 såg Torstein vinne MGP junior
194.000 barn mellom to og elleve år såg Torstein Snekvik gå til topps i Melodi Grand Prix jr.-finalen laurdag, noko som tilsvarar 33 prosent av alle barn i Norge. Det gir same rating som NRK sitt flaggskip, Nytt på nytt, har blant den vaksne befolkninga. - At ein tredjedel av alle norske barn såg på MGPjr-finalen, gir ein marknadsandel på heile 88 prosent. Det er store tal for barna, seier medieforskar i NRK, Kristian Tolonen. Til saman vart årets MGP jr.-finale sett av 771.000 personar over to år.
- Vi er strålande fornøgde, men samtidig audmjuke. Desse tala viser jo kor viktig MGP jr. er for barn og unge, seier prosjektleder Eva Rutgerson Bie i ei pressemelding.
Også nettala for Melodi Grand Prix Junior er store. NRK Super hadde 258.000 visningar og 25.800 brukarar under finalen.
- Det er meir enn dobla frå tala under BlackSheeps-perioden og i fjor, fortel Rutgerson Bie.