IMGP3513-001

- Ta va ikkje arti!

Dette hjartesukket kom frå ein av seniorane etter å ha gått dei to rundane rundt golfbanen i Surnadal Golfpark idag, og da var det med klar adresse til veret, - våt og litt kald som han var. Samveret på banen varma likevel.

Over: Jan Ove Bævre, Kjell Øyen, Tor Helge Taagvold og Arnstein Garte

Surnadal Golfklubb arrangerte laurdag og søndag klubbmeisterskap, og første klubbmeister vart kåra alt på laurdag.

Marius Kvande klubbmester Foto Surnadal Golfklubb.jpg
Foto: Surnadal Golfklubb

Marius Kvande (over) på 11 år gjennomførte runden sin på 9 hol i fin stil med 46 slag og 16 poeng og vart klubbmeister i klasse under 12 år.

Etter ein fin og vellukka laurdag var spenninga stor framfor avslutningsrunden søndag.

Tove Hilstad låg i tet i dameklassen framfor Dagrun Dyrnes Stromberg og Heid Snekvik etter runden laurdag. I herreklassen stilte Stian Kooyman og Helge Wiig likt på topp.

Søndagen kom med heller dårleg ver, regn og ned mot 10 grader, men det var ingen ting å seie på innsatsen til dei som gjekk rundane på Surnadal Golfpark

IMGP3539.JPG
​Helge Wiig, Geir Garte, Stian Kooyman og Allan Troelsen var dei fire beste frå laurdag og stilte i samme gruppe.

Allan Troelsen.JPG
Spenninga i herreklassen varte heilt til slutt, før Allan Troelsen sikra seg meistertittelen med birdie på16.holet og par på18.holet!

IMGP3530.JPG
I dameklassen kjempa frå venstre Dagrun Dyrnes Stromberg, Tove Hilstad Garte og Heid Snekvik om dei første plassane

IMGP3527.JPG
Med slag som dette (bilda over og under) sikra Tove Hilstad Garte meistertittelen i dameklassen.

Tove Hilstad Garte_690x1023.jpg
Foto: Surnadal Golfklubb

IMGP3552-001[1].JPG
Juniorklassen hadde ein deltakar, så Lasse Vaseng Hansen hadde ingen konkurranse om tittelen. Med klar leiing i den lokale Intersportcupen er han ein verdig klubbmeister.

Det var totalt 23 deltakarar i klubbmeisterskapet. Nytt av året var at det var klasse for stablefor herre og damer, d.v.s. klasse der spelarar vart rangert etter oppnådde poeng basert på bruttoscore og spelarens handicap. Vinnarane der vart Knut Haugen og Heid Snekvik.

Her kan du finne fullstendig resultatliste frå meisterskapen i helga!

Nedafor ser du nokre stilstudiar og glimt frå banen denne laurdagen.

 

IMGP3518.JPG

IMGP3523.JPG

IMGP3531.JPG

IMGP3535.JPG

IMGP3537[1].JPG

 

IMGP3540.JPG

IMGP3542.JPG

IMGP3545.JPG

2020-08-23 14.45.22.jpg
Jan Terje Moen, Palmar Brennskag og Lasse Vaseng Hansen går igjennom resulata sine framfor pokalane ...

IMGP3546.JPG

IMGP3547.JPG
Surnadal Golfpark dekker eit stort område, og her ser du fire av laga ute på banen.

Runden er på 3900 meter frå hol til hol, men under konkurranse går nok spelarane dobbelt så langt, og desse dagane gjekk dei to rundar, altså rundt 15 km.

Interessert i golf?
Surnadal Golfklubb arrangerer nybegynnarkurset «Veien til Golf» helga 5. - 6. september 2020!