Anne Forsberg Røen

Verdensdagen for selvmordsforebygging 10. september:

– Du har mange som bryr seg om deg!

I 2005 opplevde Anne Forsberg Røen at søster hennar, Gudbjørg, valte å ta livet sitt. Anne fortel oss korleis dette har prega livet hennar og korleis ho brukar læraryrket til å få ungdommar til å forstå at dei er viktige og at dei må søkje hjelp når livet verkar meiningslaust.

Ingressfoto: Anne Forsberg Røen.
 

10. september, er «Verdensdagen for selvmordsforebygging» og Anne Forsberg Røen takka ja til å ta ein prat om temaet. Ho er lærar på Rindal skole, MOT-coach og MOT-koordinator i Rindal kommune. 

Anne er oppteken av at skulen skal ha fokus på psykisk helse og at den skal skape robuste ungdommar i samfunnet vårt.

– Det er så mange ungdommar som ikkje tør å leve livet sitt, og som slit med tankar og otte.  Dei er ofte ikkje klar over kor mange som bryr seg om dei og kor stort nettverk dei eigentleg har, seier Anne.
 

Søstera Gudbjørg såg ingen utveg

Det var hausten 2005 det forferdelege hendte.

– Eg gjekk på lærarskulen i Trondheim, men denne helga var eg i Rindal, Gudbjørg skulle også komme heim, vi skulle på fest i lag, fortel Anne.

– Ho sende meg ei melding og fortalte at ho ikkje kunne komme fordi ho hadde vondt i magen. Eg skreiv « Det går bra, vi tar det igjen ein annan gong». Svaret eg fekk var «Hugs at eg er glad i deg.»

Det var det siste gongen Anne høyrde frå ho. Neste dag fekk ikkje familien tak i ho. Dei vi vart bekymra og kontakta politiet. Politiet fann henne, men da var det for seint. Gudbjørg hadde teke livet sitt.

– Vi fekk ikkje veta noko før seinare på kvelden, da kom presten og vi vart fortalt kva som hadde skjedd. Eg knakk saman og grein. Verda rasa saman, seier Anne.

– Ho var storesøstera mi, eg såg opp til ho. Eg beit negler fordi ho beit negler, eg tykte det såg tøft ut, smiler Anne. Ho dansa og difor byrja eg å danse. Ho var førebiletet mitt.

Sjølvmordet kom heilt uventa på Anne, ho hadde eit bilete av Gudbjørg som ei livsglad jente, som dansa kvar helg og jobba på fleire forskjellige plassar. Bra nettverk av venner i byen hadde ho også.

Det viste seg at ho hadde vore sjukmeldt lenge utan at familien visste det, ho hadde også vore med psykolog. Alt dette heldt ho løynd for familien.

– Eg trur ho ynska å ha ein fasade, det var for vanskeleg å innrømme at ho ikkje hadde det bra. Difor kom det som eit sjokk på oss, det var så uventa. Eg klarte ikkje å forstå at ho hadde gjort dette.

Anne var knust, ho tenkte mykje «enn om».

– Tenk om eg hadde svara annleis på tekstmeldinga den kvelden. Eg tenke at eg berre kunne slutte på lærarskulen, kva er vitsen med å bli lærer? Eg måtte finne på kva eg skulle bruke livet mitt til. Alt var så meiningslaust.

Fjorten dagar etter at Gudbjørg døde bestemte Anne seg for å komme seg på skulen igjen. Det var greitt å starte på att, komme i gang med det vanlege igjen, men ho var enno usikker på om ho skulle fortsette med studiane.

– Etter ei stund så fann eg ut at eg ikkje skulle slutte. Det vart ei omvelting i livet mitt, sjølvsagt skulle eg arbeide med barn og ungdom, snakke med dei, hjelpe dei slik at dei fekk gode skuledagar. Trygge skuledagar. Og ikkje minst at dei skulle ha moglegheit til å ha dårlege dagar, at det skulle vera greitt det og.

Gudbjørg.jpg
Gudbjørg (Foto: Privat).

Gudbjørg og Anne.jpg
Gudbjørg og Anne (Foto: Privat).
 

Lærarjobben og arbeid med MOT

Anne fekk seg jobb på Rindal skole etter endt utdanning og hadde med seg eit engasjement som ikkje berre handla om undervisning og fag.

Eg har alltid vore glad i faga mine og gledd meg til å undervise i dei, eg er nok litt «nerdete», men det er så mykje som er viktigare. Berre tanken på at ein kan vera den eine som kan hjelpe nokon til å takle livet, som ellers ikkje villa takla det, er ei trøyst. Eg får aldri Gudbjørg tilbake, men eg vil gjere alt eg kan for å ikkje miste nokon andre eg kjenner på same måte.

Etter to år på skulen fekk Anne moglegheit til å bli med i MOT- teamet i Rindal, da fall dei siste brikkene på plass i lærarrollen hennar.

– Da fekk eg endeleg avsett tid og få verktøy for å snakke om det som ungdommane må høyre om, seier Anne. Mange assosierer nok MOT med rusførebygging og toppidrettsutøvarar, men det dei frontar aller mest er at ungdommane skal ha trua på seg sjølv, at vi alle er forskjellige og unike på kvar vår måte, og at det er greitt.

– Når vi er ungdommar vil vi vera mest mogleg «normal». Vi vil gjere det alle dei andre gjer, vi vil sjå ut som dei andre, og vi vil få til det alle de andre får til, forklarer Anne.

– Sosiale media gjer at alt er så synleg og samanliknbart i dag, men eigentleg så er det ein falsk fasade, der vi ikkje ser korleis det eigentleg er.

– Eg tenkjer spesielt med Snapchat, som ofte fører til at ungdommar blir redde for at vener held på med noko utan at dei er med. Det er så enkelt å bruke og er så bra på mange vis, men det er så vondt for mange som føler på utanforskap og einsemd. 

– Det er så viktig at ungdommane lærer at vi har ulike interesser, og at dei blir robuste nok til å takle at dei ikkje er med på alt, og at det er greitt at dei ikkje alltid er «der det skjer».
 

 – Gudbjørg skårar måla mine

I førre veke hadde Anne eit MOT-besøk i 10. klasse med tema tryggleik, i det besøket skulle elevane skrive sitt eige «landslag», skrive inn kven som er der for dei, kven som hjelper dei å takle livet, dei som heiar på dei.

– I landslaget er du sjølv i mål, forklarer Anne, og så skal du sette opp forsvaret ditt, kven som er ballfordelarane i livet ditt på midten, og kven som skårar måla dine. Spelarane kan vera hunden din, naboen, familien, vener eller fotballtrenaren din. Det kan vera nokon som lever eller som er død, hovudgreia er at dei skal tenkje på kven dei har rundt seg og forstå at dei har eit nettverk.

– Eg skulle ynskje Gudbjørg hadde skrive eit slik landslag og forstått at familien hennar var forsvaret hennar og at ho kunne snakka med oss om problema sine.

På MOT-besøka snakkar Anne om Gudbjørg.

– Ho er ein som gir meg energi og guidar meg i livet mitt, ho er spissen på landslaget mitt i dag og skårar måla mine, smiler Anne.

Anne snakkar også om at Gudbjørg av og til sitt på innbytarbenken, det er på dei dagane ho gjer Anne trist. Spesielt rundt dødsdatoen, jul og bursdagar.

– Ho har bursdag den 19. og eg den 20. mai, vi feira alltid bursdag saman. Det har ikkje alltid vore enkelt å gjennomført eksamen i mai, fortel Anne.

 – Eg tenkjer ofte på alt ho har gått glipp av, å bli kjent med sju tanteborn, og at ho ikkje fekk med seg den siste Shania Twain- konserten i Oslo. Gongen før var vi der saman.

Når Anne set Gudbjørg på innbytarbenken set ho inn ein anna person som gjer ho energi.

– Verktøy som landslaget og lommelykta, at vi skal lyse på det som er positivt sjølv om det ser heilt jævlig ut, gjer at vi lærer mykje om oss sjølv. Vi lærer det å vera medviten om kven som gir oss energi og kven som tappar oss for energi. Det er kunnskap som er viktig å ha med seg i livet og kanskje spesielt i ungdomstida.

Anne meiner det er veldig viktig å snakke om dette med ungdommane og gjere dei medvitne om at dei har eit nettverk, at dei ikkje skal føle seg einsame og åleine. Dei har med seg arket med landslaget heim og kan gjerne gøyme det på ein løynd plass. På gråe dagar kan dei ta det fram og minne seg sjølv på kven dei kan ta kontakt med og kven dei stoler på.


Søk hjelp

– Eg er så glad for at vi har fått oss ein kommunepsykolog, seier Anne. Det er så viktig at vi bruker ho og at ho er tilgjengeleg for ungdommane. Eg håpar at ho saman med helsesjukepleiaren, lærarar, trenarar og gode nabokjerringar kan bidra til at ungdommar og andre som slit ikkje gir opp.

Anne har ei oppfordring til alle som har kontakt med barn og unge.

  • Finn ein måte du kan hjelpe folk på, og ver ein ressurs i lokalmiljøet ditt. For nokon passar det å vera trenar, for andre ein god nabo som har tid til å snakke og vera der.
  • Kanskje ein finn ut at ein har plass til eit familiemedlem til, det finst mange som treng ein god fosterheim eller ein støttekontakt.   

 – Vi har eit liv til å hjelpe, bruk det, og ikkje mist, lev det! 
 

Hjelpetelefonen 116 123
Hjelpetelefonen er Mental Helses gratis døgnåpne telefontjeneste for alle som trenger noen å snakke med. Du kan være anonym og vi har taushetsplikt.
Våre åpningstider
Ønsker du å ringe, kan du nå oss på tlf.: 116 123 hele døgnet,året rundt.
Er du i utlandet, kan du nå oss på tlf. 0047 91 116 123. Da gjelder vanlig mobiltakst i henhold til hver enkelt telefonleverandørs prisliste.
Sidetmedordchat
Fra og med 01.08.2020 er chatten åpen fra kl. 18:00 – 02:00 alle dager, hele uken.
Ved ledig kapasitet, vil vi forsøke å åpne chatten utover de oppsatte tidene. Følg derfor med på chatboblen på Sidetmedord.no for å se om tjenesten er åpen.